Voss sjukehus med nødnett

Alle legar i ulike vakter, radiografar, bioingeniørar, intensiv sjukepleiarar, jordmødre, anestesi- og operasjonspersonell vil no ta nødnett i bruk.



Nødnett-terminalar vil erstatta mobiltelefonar som 
har vorte nytta til personell i vakt så langt.

For fleire år sidan vart det sådd eit frø, og denne ideen har fått utvikla seg vidare. I løpet av våren kom prosjektet skikkeleg i gang og planane vart
konkrete. Sidan byrjinga av mai har over 170 tilsette teke kurs og prosedyrar er utvikla.
– Me er no svært letta over at me kjem i gang i god tid før ferieavvikling, seier Elin Seim, avdelingssjukepleiar ved Akuttmottak.
 
Ustabile system
Bakgrunn for å ta i bruk nødnett er mellom anna behov for større tryggleik knytt til intern varsling i akutte situasjonar. Det har vore
for mange hendingar over tid, der nøkkelpersonell ikkje har fått varsel på grunn av ustabile system.
 
– Ved å nytta nødnett til varsling av traumeteam, hjerneslag-team, akutt sectio og andre type akutte team, har me von om at varsling både vil gå raskare og tryggare, seier Seim. 
 
Bortfall av infrastruktur
Ved å nytta nødnett er det også høve til å kommunisera på 3 ulike måtar ved bortfall av infrastruktur. Ein kan nytta nødnett-terminalen som vanleg mobiltelefon, som radioterminal med kontakt mot radiosendarar utanfor sjukehuset og som «Walki talki» mellom radioterminalar direkte, utan kontakt mot radiosendarar dersom all infrastruktur fell bort.
 
– Me ser også fram til at vaktpersonell i same akuttgruppe kan kommunisere i lag, som om dei er i ei konferansesamtale. Ved å nytta talegrupper tildelt ulike team, kan dei kommunisera og avklara viktige moment som heile teamet treng å høyre. Saumlaus og open kommunikasjon når det hastar har tidlegare ikkje vore mogleg ved bruk av mobiltelefonim fortel Seim.
 
Kommunikasjon utanfrå
No er det også høve til å setta personell utanfor sjukehus (ambulanse og lege) i kontakt med spesialistar inne i sjukehuset, på ein god måte. Det kan vera situasjonar der personell ute har viktig informasjon å dela med nøkkelpersonell på sjukehuset eller dersom det er behov for rettleiing eller konferering av anna type.
 
– Me gler oss og er spent på kva erfaringar me vil gjera oss. Me gler oss og er spent på kva erfaringar me vil gjera oss, seier Seim.
 
Saken er hentet fra Kommunikasjonsavdelingen i Helse Bergen ved  Marte Ingeborg Stangenes.